Lafting

Lafting har lange tradisjonar i Noreg, og har vore den dominerande byggjemåten i Innlandet frå 1000-talet og fram til etterkrigstida. Dette er ein tradisjon vi er stolte av å føre vidare!

Byggjemåten krev lite ressursar, og det blir lite avfall frå byggjeprosessen. Flis og høvelspon blir nytta til dyrestrø og biofyringsanlegg, og veden blir nytta til oppvarming av bustadar. 

Vi nyttar hovudsakleg lokalt tømmer, og plukkar "husmåså" i nærområdet. Ved å nytte Hunton trefiberisolasjon i tak og golv kan vi byggje naturleg pustande hus som inneheld berre reine materialar. 

Vi legg både skifertak og torvtak, og tilpassar utforming og detaljar etter ynskje frå kunden. 

Ynskjer du ein særskilt type novende, eller omramming kring vindauga, ordnar vi det slik du vil ha det.

Om det lafta huset allereie står der, men ikkje ser ut som det har tenkt å gjere det så mykje lenger, kan vi bistå med det også. Vi har lang erfaring med vøling og restaurering av lafta hus, anten det skal attende til fordums prakt, eller berre reddast frå den totale undergang. 

Har du eit bygg av kulturhistorisk verdi er det lurt å sjekke moglegheitene for tilskot før du startar med restaurering. Her finst det fleire moglege instansar, og vi kan hjelpe deg gjennom denne søknadsprosessen.