Tomter og prosjekt

Gjeisarjordet i Lom

Vi har byggjeklare tomter på Gjeisarjordet i Lom, sikra for flaum og ras, flott utsikt, herleg kveldssol og kort veg til sentrum. Tomtene er regulert for både einebustadar, tomanns- og firemannsbustadar.

Tomtene varierar i storleik, frå 0,5 mål til 1,2 mål. Nokre av tomtene er altså omregulert til "småhustomter" slik at det kan byggjast rimelegare, mindre bustadar for dei som ikkje ynskjer/treng så stor plass. Alt kan løysast, saman finn vi en løysing!

Finn.no: 

https://www.finn.no/realestate/plots/ad.html?finnkode=133029088


Dombås Hyttepark

I samarbeid med Dombås Hyttepark kan vi tilby sentrumsnære hytter inntil alpinbakken og langrenns- og skiskyttarstadion. 

Sjå annonse på Finn.no for tomtene, og BoligPartner.no for hytter:

https://www.finn.no/realestate/plots/ad.html?finnkode=243187500


Tomannsbustad på Gjeisarjordet med fire soverom

Vi er i startgropa med ein tomannsbustad på Gjeisarjordet. Dette er ein variant av Breim frå BoligPartner. Den har fire soverom og går over to etasjer. Den har og overbygd parkering/carport under verandaen. Byggestart på denne er no i haust, så her blir det klart for innflytting neste år. Ta kontakt om du vil vera med i prosessen!


Leilegheiter

Vi byggjer nå firemannsbustadar, så om du er interessert kan du uforpliktende melde interesse. Første firemannsbustad er ferdigstilt nå, og vi satsar på å kunne starte med den neste sumaren 2023.  Leilegheitene leverast etter ein viss standard, men om du er tidleg ute kan du påverke fargeval og overflatar. 

Annonse på Finn.no:

https://www.finn.no/realestate/newbuildings/ad.html?finnkode=202328066&q=lom&sort=PUBLISHED_DESC


Under ligg nokre bilete frå ferdigstilt leilegheit.