Bygdasnekker'n

Ein stor del av oppdraga våre er av typen vi har valt å kalle bygdasnekring. Det som ofte blir forkorta med ROT - Rehabilitering, Ombygging og Tilbygg. Dette kan høyrast ut som småjobbar i ny og ne, men kan vera så mykje meir.

Desse oppdraga er særs viktige både for oss og kundane våre, og bidreg til å halde den eldre bygningsmassa i god stand. 

I mange tilfelle kan desse oppdraga vera meir krevjande enn eit nybygg, da eit eldre hus gjerne er ei forundringspakke av gode og dårlege løysingar frå forskjellige tiår. 

Det er heller ikkje sjølvsagt at ein berre kan køyre på med moderne løysingar på eit eldre hus. Ei lufttett og energivennleg løysing som fungerar perfekt på eit nybygg kan føre til mugg og rote på eit eldre hus. 

Å byggje andre etasje på eit nytt hus handlar i stor grad om å fylje standardiserte løysingar. Å byggje ei etasje til på eit eldre hus kan krevja stor innsats frå både Petter Smart og Reodor felgen, og krev langt meir av både kunnskap og erfaring.

Anten du manglar etasjar eller vindskier kan du vera trygg på at vi har kunnskapen og erfaringa som trengs for å gjera jobben slik at både du og huset ditt blir nøgd.