Gjeisarjordet i Lom

Vi har byggjeklare tomter på Gjeisarjordet i Lom, sikra for flaum og ras, flott utsikt, herleg kveldssol og kort veg til sentrum. Gjeisarjordet er eit veletablert bustadfelt med eit godt bumiljø. Her bur det barnefamiliar, unge i etableringsfase, eldre og einslege. Det er eit triveleg og trygt nabolag med ein felles møteplass og etablert velforeining. 


Tomtene varierar i storleik, frå 0,5 mål til 1,2 mål. Nokre av tomtene er altså omregulert til mindre hus, slik at det kan byggjast rimelegare, mindre bustadar for dei som ikkje ynskjer eller treng så stor plass. 


Sjå prospekt på tomtene våre under. (ligg på BoligPartner sine sider)


Tomannsbustad på Gjeisarjordet med fire soverom

Vi er i gang med ein tomannsbustad på Gjeisarjordet. Dette er ein variant av Breim frå BoligPartner. Den har fire soverom og går over to etasjer. Den har og overbygd parkering/carport under verandaen. Denne vil vera innflyttingsklar i haust. Ta kontakt om du vil vera med i prosessen!



Leilegheiter

Vi har regulert område for firemannsbustadar, så om du er interessert kan du uforpliktende melde interesse. Første firemannsbustad er ferdigstilt nå, og vi satsar på å kunne starte med den neste sumaren 2023. Leilegheitene leverast etter ein viss standard, men om du er tidleg ute kan du påverke fargeval og overflatar.

Under ligg nokre bilete frå ferdigstilt leilegheit.