Jotunheimen Bygg AS vart etablert i juni 2019, men har lang erfaring i faget.

Vi tek gjerne heile oppdraget frå a-å, frå skisser til nøkkelen i døra og alt imellom. Vi tek oss av teikning, søkjing, nybygg, tilbygg, renovering, vøling, lafting. Har du skissert draumehuset, teiknar vi det opp att for deg. Om det trengs plass for ny mjølkerobot til Dagros, eller større produksjonslokale for eige avkom, så finn vi ei løysing. Har du eit gammelt, fint tømmerhus som er lagt opp i feil rekkjefølgje, med den råtneste stokken nesdt så ordnar vi det. Det kostar uansett ingenting å spørje.

Det må også nemnast at vi no er forhandlar av hus og hytter frå Nordic Builders Group , og dermed har ei av landest proffaste huskjeder i ryggen.

Ønsker du å vite mer?