Generasjonsskifte

Kan du bu heime livet ut? Tal frå SSB viser at i 2040 vil talet på eldre over 80 år vera nær dobla samanlikna med i dag. Eldrebølga er på full fart inn i Noreg, og ein bør ta eit val på korleis ein ynskjer å nytte tida som pensjonist. Mange vel å selje huset og flytte inn i leilegheit før hus og hage blir for stort og uoverkommeleg å halde ved like. (og dermed forfell.)

Vi tilrår ektepar å ta praten og planleggje medan ein enda føler seg ung og sprek. 60-åra er ofte ei fin tid for dette. Utset ein det for lenge risikerer ein helseproblem og i verste fall dødsfall. Flytteprosessen vil da bli vanskelegare, og om endringar skjer brått vil ein kanskje og måtte ta til takke med ei dårlegare løysing, ut frå kva som er på marknaden der og da. 

Med planlegging av alderdommen skapar ein forutsigbarheit og kan dermed skape seg betre livskvalitet før det er for seint. Sjølv om ein føler seg for ung til å flytte frå huset no kan det for eksempel vera ei god løysing å kjøpe no, og leie ut til ein er klar for å ta steget heilt ut.

Lag ein ny heim for ei ny fase i livet. Ta ansvar og ta plass i førarsetet i ditt eige liv. Bruk tida på det du ynskjer! «Lag deg et godt liv, resten av livet».

Litt å tenkje på:

Kva ynskjer du å bruke tida på?

Er det leilegheit som er tingen, eller kanskje eit lite hus med en liten hageflekk? Eller kan du fortsette å bu heime med litt endringar?

Korleis finansiere? Ta ein prat med banken din for å sjå på moglegheiter. Vi kan og vera med på å sjå på løysingar som «husbyte», der vi byter leilegheit mot hus mot eit mellomlegg. Vi nyttar oss av ekstern, uavhengig takstmann for riktig pris. Så slepp dykk å gjere huset i stand for annonsering, visning og sal.


Ta ansvar for eigen alderdom, skap ein god heim for ei ny fase i livet.