Ledige stillingar



Vi søkjer tømrarar og tømrarbas

Vi er i vekst og utvikling og søkjer etter fleire dyktige medarbeidarar. Jotunheimen Bygg AS er eit byggefirma med base i vakre Lom. For oss står kvaliteten og kunden i høgsetet og vi søker etter kvalitetsbevisste tømrarar med og utan baserfaring.


Arbeidsoppgåver vil vere:

Nybygg, tilbygg, renovering og alt som omfattast av dette.

For deg som søkjer stilling som tømrarbas vil stillinga også omfatte drift og koordinering av byggeplass, prosjektoppfølging og kundekontakt.


Kvalifikasjonar:

Du er ansvarsfull, kvalitetsbevisst og løysingsorientert. Du har godt humør og ståpåvilje. Du er sjølvstendig, beherskar norsk muntleg og skriftleg og har førarkort klasse B / BE. Du kan lese og forstå byggeteikningar og arbeidsbeskrivingar.


Vi kan tilby:

Eit triveleg arbeidsmiljø, friheit under ansvar, ein allsidig arbeidskvardag med fleksibilitet til å styre tida di sjølv. Lønn etter tariff, AFP og gode forsikringsordningar.

Kvinner oppmodast til å søkje!

Søknadsfrist: 01.03.2022




Er du vår nye lærling?

Går du byggfag og søkjer lærlingplass til hausten? Vi har trua på ungdommen og ynskjer oss alltid lærling i bedrifta.


Arbeidsoppgåver vil vere:

Nybygg, tilbygg, renovering og alt som omfattast av dette.


Kvalifikasjonar:

Du er lærevillig, ansvarsfull, kvalitetsbevisst og løysingsorientert. Du har godt humør og ståpåvilje.


Vi kan tilby:

Eit triveleg arbeidsmiljø, friheit under ansvar, ein allsidig arbeidskvardag med fleksibilitet til å styre tida di sjølv. Lønn etter tariff, AFP og gode forsikringsordningar.

Jenter oppmodast til å søkje!